Johan Turi

Johan Turi er ei framsyning om korleis ei bok blei til, om draumar, freistingar, tvil, forføring og anger.
16.Sep.2017 - kl. 17:00
Scenespråk: Nordsamisk. Framsyninga blir teksta til norsk
Kjøp billett her

Johan Turi har ein draum om å gi ut ei bok som forklarte samanes liv. På byrjinga av førre århundre blei samane sett på som eit samfunnsproblem, og han ønskte å gi myndigheitene kunnskap om deira levesett, og på den måten påverke styresmaktene til å endre sitt syn på samanes livsførsel. På ei togreise gjennom Skandinavia møter han konsernsjef Hjalmar Lundbohm frå Kiruna. På den same reisa dukker den danske kunstnaren og antropologen Emilie Demant opp. Kan Lundbohm og Demant hjelpe Turi med å oppfylle sin draum? 

Johan Turi (1854-1936) var ein reindriftssame frå Kautokeino, og blir rekna som den første samiske forfattaren. Han valde å flytte til Kiruna-traktene i Sverige med reinflokken og familien sin i 1870-åra. Her blei han også kjend som ein dyktig ulvejegar. I 1910 gav han ut den første boka skrive på samisk; Muitalus sámiid birra – En bog om lappernes liv. Gjennom tekst og illustrasjonar skildrar boka reindriftsamanes liv og tradisjonar på byrjinga av 1900-talet. 

Omarbeiding: Frank Jørstad og Kristian Lykkeslet Strømskag
Regissør: Frank Jørstad
Komponist: Johan Ericsson
Scenografi og kostymedesignar: Even Børsum
Lysdesignar: Øystein Heitmann
 
Skodespelarar: Iŋgor Ántte Áilu Gaup, Egil Keskitalo, Inga Marja Sarre
 
Scenespråk: Nordsamisk. Framsyninga blir teksta til norsk
Rådstua Teaterhus
Vestregata 48
9008 Tromsø
Tlf. 777 91 888